Omslaget til veileder for saksbehandling om tildeling av helse- og omsorgstjenester i kommunene​Brukarar og pårørande er ofte i krevjande situasjoner, og det er viktig at dei får gode og riktige tenester. Helsedirektoratet har tidlegare gitt ut ein rettleiar for slik sakshandsaming som gir ein praktisk innføring i reglane som gjeld på feltet. No har vi òg laga eit e-læringskurs, «Veilederen på 1-2-3», som skal føre til at tilsette drøftar problemstillingar og reflekterer over eigen praksis.

Kurset tar for seg ulike tema, som til dømes hjelp på rett nivå til rett tid og samarbeid på tvers.

- Med dette kurset ønskjer vi at dei som arbeider med tildeling av helse- og omsorgstenester i kommunane saman skal drøfte og lære av ulike problemstillingar. Målet er at dei som bruker tenestene og deira pårørande skal få så gode tenester som mogleg, tilpassa sitt eige behov, seier avdelingsdirektør Helga Katharina Haug i Helsedirektoratet.

Veilederen kan lastes ned her

Les mer og finn e-læringskurset her:
https://helsedirektoratet.no/nyheter/nytt-e-leringskurs-om-tildeling-av-helse-og-omsorgstenester-i-kommunane  

Denne artikkelen er hentet fra Helsedirektoratet 09.05.2017