Bilde av barneombud Inga Bejer Engh og Onsdag denne veka kom barneminister Linda Hofstad Helleland for å helsa på det nye barneombodet Inga Bejer Engh. Statsråden vart mellom anna utfordra av Bejer Engh på oppfyllinga av "Fritidserklæringen", som seier at alle barn og unge skal ha rett til å delta jamleg i éin organisert fritidsakvititet.

- Vi må sikra at erklæringa vert oppfylt, slik at barn og unge kan få ein best mogleg oppvekst, seier Bejer Engh.

Bejer Engh hadde sin første dag som barnombod måndag 13. august. Noko av det første ho gjorde, var å svara på spørsmål frå to av juniorjournalistane til Aftenposten junior.

Ho har òg vore på Arendalsuka, der ho har henta mykje inspirasjon. I vekene som kjem, skal ho saman med kontoret leggja planar for kva ho som ombod skal bruka dei neste seks åra på.

Invitasjonar til Inga Bejer Engh og Barneombodet kan sendast til post@barneombudet.no.

Kilde

Denne artikkelen er i sin helhet hentet fra Barneombudets nyhetsbrev. Les mer om Barneombudet her: https://www.barneombudet.no